Landbrukstjenester Midt-Trøndelag

Haustsamling og kåring av Årets Avløysarar

Årets Haustsamling vart arrangert på Thon Hotel Oslo Airport 1. og 2. november. Alt i alt var 232 deltakarar samla til to dagar med fagleg og sosialt påfyll.

I forkant av haustsamlinga vart det som vanleg arrangert kursdag. Her var det 148 påmeldte som fordelte seg ut på seks kurs. Kursa starta etter lunsj tysdag 31.oktober, og varte fram til lunsj 1. november.

Professor i indremedisin, psykiater og leiar for hypokonderklinikken i Bergen, Ingvard Wilhelmsen, opna Haustsamlinga med eit fengjande føredrag om å vera sjef i sitt eige liv. Innlegget fekk dei fleste i salen til å setja ting i perspektiv, samstundes som lattermusklane fekk køyrd seg kraftig til tider. Ingen tvil om at dette var ein god inngang til resten av samlinga.

Den raude tråden under samlinga var strategiarbeidet i organisasjonen. Ein strategiplan er viktig og skal vera godt forankra i heile organisasjonen før den skal vedtakast på Årsmøtet på nyåret. I tillegg til plenumsførelesningar vart deltakarane delt opp i tilsette- og tillitsvaldgrupper, samt at det var seksjonsval under enkelte programpostar.

Årets Avløysar for 2017

Kvart år kårar vi Årets Avløysar i fylka. I år var det ny rekord i høve kåringa og heile 13 dyktige avløysarar vart heidra med denne tittelen. Alle var invitert til Haustsamlinga og forutan ein så kunne alle stille. Under festmiddagen på haustsamlinga vart alle heidra med god omtale, diplom, NLT-klokke og blomar. Det vart og urframføring av ein rykande fersk avløysarsong.
I heile landet er det avløysarar som gjer ein solid og god jobb for bonden, og NLT er glad for at vi kan gjera litt stas på nokre av desse.

Årets avløysarar 2017, bak frå venstre: Geir Borlaug, Arvid Inge Berge, Damian Szmelter, Ragnar Viken, Jarle Per Øie og Vidar Hageland. Framme frå venstre: Kjell Fredriksen, Tore Gunnar Hjortland, Kenneth Myrann, Gry Kittelsen, Hans Hagebakken og Tore Bjerkely.
(Foto: NLT)

Desse vart kåra til Årets Avløaysar i 2017

Geir Borlaug – Sogn og Fjordane – Ytre Sogn og Sunnfjord Landbrukstenester
Arvid Inge Berge – Sør-Trøndelag – Landbrukstjenester Melhus og Omegn
Damian Szmelter – Nordland – Landbrukstjenesten Midtre Hålogaland
Ragnar Viken – Vestfold – Vestfold Landbrukstjenester
Jarle Per Øie – Nord-Trøndelag – Namdal Landbrukstjenester
Vidar Hageland – Rogaland – Finnøy og Rennesøy Landbrukstenester
Kjell Fredriksen – Østfold – Landbrukstjenester Østfold
Tore Gunnar Hjortland – Hordaland – Landbrukstenester Folgefonna
Kenneth Myrann – Buskerud – Landbrukstenester Folgefonna
Gry Kittelsen – Telemark – Landbrukstenester Telemark
Hans Hagebakken – Akershus – Landbrukstjenester Akershus
Tore Bjerkely – Oppland – Landbrukstjenester Hadeland – Toten
Thomas Bolme – Møre og Romsdal – Indre Nordmøre Landbrukstenester

Her kan du lese omtale av alle prisvinnarane

I 2018 er det nye sjansar til å verte Årets Avløysar og vi håpar alle medlemslag sender inn kandidatar.

Lang og tru teneste

Sidan 2011 har NLT heidra tilsette i administrasjonen i medlemslaga for lang og tru teneste. Denne prisen vert ein tildelt når ein har passert 25 år i teneste for eit medlemslag. I år var det to tilsette som var kvalifisert for denne prisen. Prisen vart utdelt på haustsamlinga.

Asbjørg S. Marvik og Arne Madland (Foto NLT)

Desse fekk prisen for lang og tru teneste i 2017:

Asbjørg S. Marvik – Landbrukstenester Suldal og Sauda
Arne Madland – Finnøy og Rennesøy Landbrukstenester

Takk til alle som deltok og gjorde Haustsamlinga komplett!